Vestlandet er vilt, vått og vakkert.

Det er mykje natur, mykje av alt, og det pregar både matvare­produksjonen og tradisjonane våre. 
I generasjonar har vi salta og tørka, røykt og hengt både kjøt og fisk. Framleis blir laks og lammekjøt, bacon og pølser røykt i eldhus som fyrast med spon og einer. Det gir spekemat og pinnekjøt, flesk og røykelaks med ein heilt unik smak.

Lokalt handverk og stolte tradisjonar, det er slik maten vert laga til her i vest.

Derfor er vi ekstra stolte av å kunne stø opp om lokale produsentar og sørge for at du får tilgang til noko av det beste av det dei har å by på.

Vi held på tradisjonane og gir aldri slepp på den gode smaken.

Takk for at du ble med!

Du vil nå motta en epost med informasjon om kampanjen og medlemsfordelene i Coop Hordaland. Del den gjerne videre med din venn.

Lykke til !